Fullmånekonsert med Skambankt akustisk (NO)

Arrangementsinformasjon

Dei hardtslåande rockarane frå Klepp har det siste året konsentrert seg om ei akustisk tilnærming til musikken sin. Eit sideprosjekt der den elektriske lydveggen er skrelt vekk, heilt ned til nakne melodiar og tydelege tekstar. Dei har så kledd songane i kledelege klangar frå akustiske gitarar, piano og perkusjon. Eit kvileskjær fram til neste rockeinferno? Tja, dette er energisk på eit anna vis.

fullmåne
fullmånekveldane
friluftshuset
orre
klepp
kleppkommune
skambankt
akustisk